Har prestert å kjenne litt til
medialt tibiasyndrom, eller Beinhinnebetennelse på godt norsk, dei siste dagane. Dette kjem vel av at eg prøver å løpe mer på framfoten, og følger Pirie sine teoriar, om korleis dette skal gjerast.
Den kanskje mest radikale boka med tanke på dagens løpeteknikkar, og sko, er skriven av Gordon Pirie og er og finna gratis på nett her:
Running fast and, injury free.Han nevner blant anna i boka, at den beste skoen for framfotsløperar, kom i 1980, og den heiter Nike Mariah, og er avbilda nedanfor.

Denne skoen er ikkje i serien av reprodusserte sko frå nike i år, men den er derimot komen i ei heilt ny utgåve. Den heiter Nike Lunar mariah, og er utsjånadsmessig særs lik på den gamle, men dei har som største forskjel brukt lunar-foam teknologi i sålen.
Samanlikning under:


Sjølv om fargekombinasjonane kanskje ikkje er av dei aller mest estetiske, så er dette eit av mange bevis på kor flinke nike er til å bruke historien sin til nye og innovative produkt. Det einaste som er litt trist, er at nike lunar mariah mesta er umogeleg å få tak i. Men det som samstundes er bra likevel, er at Lunar racer'en til nike har omlag den same såleprofilen som lunar mariah. Dette blir nok neste skoinvistering, og berre så det er sagt, ein kan ikkje ha for mange løpesko.
Ein kan derimot ha for få!
Og for dei som skulle ha lest boka til Pirie,
-Don't lean foreward!
Good Night